Tidspunkt: 18.mars 2023
Stad: Myrkdalen Skisenter, 5713 Vossestrand
Klassar: Herrar, kvinner, U16 gutar og U16 jenter(For ungdom fødd i 2007-2008-2009)
Arrangør: Eldar IL og Vestland Rugbykrins
Kontaktperson: Isak Hommedal, TLF: 91876590, post@eldar.no
Påmelding skjer via TurneringsAdmin.
Påmeldingsfrist 19. februar 2023
Turneringsreglement: Turneringa er open for alle klubbar som er medlem av NRF. Gjeldande reglement er NRFs turneringsreglement for Snørugby:https://rugby.no/wp-content/uploads/2021/01/Konkurranseregler-Snorugby.pdf.
Klubben pliktar at alle spelarar som skal delta på arrangementet har gyldig medlemskap i den aktuelle klubben og har betalt spelarlisens i inneverande år.
Kampoppsettet vert publisert 2 veker før turneringa.
Praktisk informasjon:
Kapteinsmøte fredag 17.mars 21:00. Turneringa føregår laurdag 18.Mars. Bankett og medaljeutdeling på laurdagskvelden (Arrangør vil sende ut info om bankett til påmeldte lag).
Transportalternativ:
Bil: Frå Bergen ca 2t køyring. Oslo 6timar, Stavanger 6 timar, Trondheim 10t
Tog: Det går regelmessig tog til Voss stasjon frå Bergen. Det går 5 tog frå Oslo dagleg. Nokre av toga korresponderer med gratis skibuss til Myrkdalen.
Fly: Nærmaste flyplass er Bergen Lufthavn (BGO) ca. 2timar køyring unna. Mogleg å leige bil eller bestille transport derifrå, evnt bybane/buss til Bergen sentrum og tog til Voss derifrå.
Drosje/Minibuss: Transfer Voss – Myrkdalen 1000kr for 1-6 pax, 1500 for 7-16pax. Gje beskjed om de har mykje bagasje. For booking kontakt Hommedal Taxibuss post@htbas.no / 971 66 409. Om ynskjeleg kan dei kome med eit tilbod på transport frå Bergen lufthavn til Myrkdalen.
Overnatting: Me tilrår å booke overnatting gjennom Myrkdalen hotell. Booking gjer du ved å senda ein e-post til Kundeservice@myrkdalenhotel.no eller ringe 47 47 16 00.
Oppgje Eldar IL/ NM Snørugby eller referanse 114428 for å sikre dykk rom til rabatterte prisar. Me har fått reservert nokre rom/leilegheiter til fylgjande prisar:
Overnatting fra fredag til søndag 17. – 19. mars
Enkeltrom per rom kr 4020,-
Dobbeltrom per rom kr 4840,-
Trippelrom per rom kr 5760,- Prisar inkluderer overnatting og frokost
Leiligheter sjølvhushald
2 roms leilighet for inntil 4 personer kr 6600,- per leilighet
3 roms leilighet for inntil 6 personer kr 7900,- per leilighet
Inkludert sengetøy, handkle og sluttrengjøring
Reservasjon må skje innan 31.januar 2023.
Begrensa antall hotellrom/leilegheiter, så me tilrår å bestilla snøggast råd for å vera sikra overnatting i Myrkdalen.
Andre overnattingsalternativ: Hytter/leiligheter via AirBnB kan også vera ein mulighet. Vær obs på avstanden til Myrkdalen Hotel, det er begrensa med offentleg transport til og frå hotellet om ein reiser utan bil. Voss sentrum, ca 30min køyring unna har fleire større hotell (Scandic, Fleischer og Park).